Design Saskia er eit enkeltmannsføretak i Valdres som tilbyr grafiske tenester for
enkeltpersonar, lag / organisasjonar og mindre bedrifter.
Logo / Profilering / Trykksaker / Foto / Webdesign / Prospektkort
Visittkort / Timekort / Folder / Brosjyre / Flyer / Plakatdesign / Program / Annonse / Etikettar / Magasin / Gåvekort / Meny / Roll-up / Reklameartiklar m.m.
Skanning (i moderate mengder) og tilrettelegging av fotografi
Logo / Identitet / Merkevarebygging
Design Saskia tilbyr oppsett av "enkle" websider. Publiseringsverktøy er One.com.
Design Saskia hjelper deg gjerne med oppretting av facebookside for ditt lag eller organisasjon / bedrift.
Ønsker du prospektkort med eige motiv for sal i di bedrift / ditt lag ? Eller kanskje eit personleg julekort eller takkekort til deg sjølv eller firmaet ditt?
Design Saskia blei oppretta i 2012 av Saskia Aleida Van Veen. Eg har lang erfaring frå sal og kundebehandling etter mange år i bankverksemd. Interessa for design og grafisk arbeid har eg hatt med meg i lang tid. Ved kurs og læring leda dette mot etablering av Design Saskia.
Eg er også hobbyfotograf og set opp kort / prospektkort av eigne fotomotiv, samt kort på oppdrag frå andre. Mine eigne kort kan du kjøpe her på websida ved å klikke deg inn i nettbutikken.
Nye kort blir lagt ut etterkvart som dei blir produsert.
for uforpliktande møte.
Design Saskia har heimekontor, men kan også treffe deg over ein kaffekopp ein stad, om det passer betre.
Godt samabeid via e-post og telefon kan i mange tilfelle være tilstrekkeleg for dei fleste prosjekt.
"For there is always light, if only we're brave enough to see it.
If only we're brave enough to be it."
Amanda Gorman.
Copyright @ All Rights Reserved
designsaskia.no